|
|
|
Hva er Vikingklubben? Vikingklubben Karmøy er en åpen, upolitisk klubb for alle
med interesse for vår forhistorie. Klubbens formål er å synliggjøre, Vi har egne klubblokaler som ligger på Visnes, i den tidligere magasingården. Her har vi verksted, kurs- og møtelokaler og eget bibliotek. Vikingklubben har fast klubbkveld hver tirsdag Du er hjertelig velkommen innom på Visnes for å se om dette er noe for deg.
Adresse: |
Leiaren har ordet. God sommar! Det er ferietid for dei fleste. Vikingklubben har også trappa ned, men nokre av oss held framleis på med nokre vikingsysler. Fleire av medlemmene har fått sommarjobb på vikinggarden. Det er flott at turistane møter ein levande vikinggard. Me som ikkje har søkt eller fått jobb, har også ein sjanse til å hjelpa til. Som tidlegare år, er me velkomne til å driva vikingaktivitetar på søndagane heile sommaren. Har du tid og lyst, så er det berre å møta opp i 12-tida. Kva du vil sysla med, er opp til deg sjølv. Det er kjekkast dersom ein har lag, så gjer gjerne ein avtale med ein eller fleire på førehand. Turistane vil setja pris på å treffa deg, og i tillegg er det god PR for klubben. Alle som stilte opp under vikingfestivalen, gjorde også ein stor innsats for klubben. Takk til alle saman. Eg har personleg fått berre positive tilbakemeldingar frå både arrangørar og publikum. Detaljane får me vurdera til hausten. Ein del av oss har vore på andre festivalar også. Den store fellesturen gjekk i år til Danmark. Sjølve marknaden var i Frederikssund, og så fekk me med oss eit besøk i vikingskipmuseet i Roskilde og fortidslandsbyen Lejre. I Frederikssund fekk me også med oss eit historisk teater om vikingen Starkad. Det var både lærerikt og underhaldande. Det var nok fleire av oss som tenkte på kva me kunne ha fått til på Bukkøy. Ein inspirerande og hyggeleg tur på alle måtar, - dersom me ser bort frå at heimreisa kanskje vart litt vel slitsam for enkelte. Me ynskjer alle ein god sommar, og så treffest me i Visnes til hausten – om ikkje før. Første klubbkveld blir tysdag 18. august.
Budstikka nr. 3 - 2009 |
Film for et kongerike les mer Osebergskipet er truleg bygd på Haugalandet les mer Viktigste vikingfunn i England
|